Litt av kvart

Bodø og Lofoten

Bestemte meg for å ta ut to veker ferie no på våren i staden for å spare ei veke til hausten. Då gjekk turen først til broderen og familien i Bodø og etter kvart vart turen forlenga eit stykke vidare til Lofoten og Elin. Ingen bileter frå skiturane i Bodø-traktene, alle turbileta er frå Lofoten. Eg, Marte og Kaja reiste altså då til Kabelvåg og besøkte Elin og Ole Roger. Trygve kom nokre dagar seinare. Camp Lofoten gjekk av stabelen samstundes som me kom, så Ole Roger flytta til Henningsvær i lag med andre kjente førarar for eventen. Veret var upåklageleg fram til helga og me fekk 3 flotte turar. Utsikten er verkeleg heilt eineståande!

På båten til Bodø att fekk me oppleve skikkelege bølger til min glede og til andres fortviling. Lena styrta på golvet berre ho kjente ei lita rukke på sjøen og Trygve fekk overlevert Kaja frå Marte ganske kjapt. Så dei sjøerfarne jøstedølene holdt stand.

Kaja er no 8 månader og sjarmerer tanta i senk.

Skredblokker

…helste oss velkomne på kanten etter bratta på veg mot Vangsen. Det var forrige laurdag før styggeveret i byrjinga av denne veka.

Sol og skodde

Sol, skodde og fotogene omgjevnader førte til ein del knipsing på tur i dag. Eg trivdes i mi korterma ulltrøye medan Ingelin sveitta i sin langerma ullgensar. Vårleg i dag.

På toppen prøvde Ingelin å finne ut kvar ho var medan Roger tok det kuli med ein cappuccino.

Heimedag

Bjørnar skoda vidare oppover liene etter fine linjer, men var for lat til å gå lenger. Har blåst frå nordaust og enkelte heng hadde pakka seg godt. Der vinden ikkje hadde teke tak var det framleis nydeleg, nydeleg.

Vèr

Det er ikkje ofte det er slik vind i Jostedalen som  det var i dag. Artig ei stund, men etter å ha tryna i ein usynleg skavl og blitt våt i ansiktet, var moroa over for min del. Og det var det visst for dei andre òg, heldigvis. Snudde på Vanndalsvatnet i dag.

Høgt der oppe

Hytta på Mannen er høgt der oppe på lista mi over favorittdestinasjonane på ski. For så vidt ganske fint til fots om sommaren òg. Etter at Bjørn Gj. var så grei å donere vekk mokkakanna si har verdien av hyttekosen stige endå meir.

Var noko skeptisk til føret på veg opp då det var ein del vindpakka snø og «kartongsnø». Det var ingen grunn til slik bekymring. Me flaut oppå og kunne leike oss ned att. Så var det middags- og godishandel på bui.

Stølsliv

Den finaste plassen på jord for meg. Måtte ta med meg nokre fine jenter og vise denne fine plassen. Trur dei tykte det var ein fin plass òg.