Anne Marte


Campus

Dette er Campus. Ja, med c og greier. Oppkalla etter ein brasiliansk fotballspelar med eit namn som var lett å få han til å lye (som i “kom pus”). Han vart flytt frå Bukti og inn i Rasmushuset då det vart klart i fjor haust at nye eigarar skulle flytte inn i Bukti (Magnus er allergisk og ikkje spesielt glad i kattar). Han vart nok både forvirra og fornærma då me reiste på ferie i sommar og me har ikkje sitt han sidan. Nylege observasjonar av Campus er gjort rundt huset til Asbjørn (Bruahola) og rett nedanfor Gjerdekvilet. Gi beskjed viss de ser han! Han er ein kosegris som kjem når ein roper på han.


Sanking

 

Sauesanken på søndag gjekk frå Bakkedalen til Liadalen og tilbake via opp, ned, opp, ned, opp, ned og opp (kanskje det var fleire opp- og nedturar, kom ut av teljinga – sauene ville ikkje ned frå fjellet, det var sikkert!) skredene (Kariskreda og Storeskreda) til Nuken, og ned til Kyrkjedalen, Bakkedalen og så bom stopp framfor den bittelitle bekken framfor grinda og hegningen dei skulle inn i i Bukti. Men det var greit, sauene var slitne og kom ikkje til å stikke opp i skredene att på nokre timar. Eg er framleis støl i låra og det håpar eg Magnus er og!


Marte Lind har fått seg blogg. Velkommen til bloggeklubben, Marte! http://marteindeutschland.blogspot.com/


Lenge sidan siste innlegg no, så hiv ut nokre bilder frå Myrhønna på søndag. Fekk med meg litt krekling som no er blanda med sukker og sprit. Det er også mykje blåbær i høgden, dei var gode og søte. I dag fann eg mengder med kantarell, men det var ikkje i det området.


oi


Dagens aktivitet

Planen i dag var å gå på Haugafjellstølen med Marte L., men Statkraftdama var meir interessert i breen. Så då vart det Nigardbreen. “Den beste søndagsturen nokon gong”, skraut Marte og eg var nesten enig. Me stakk hovuda nedi dei fleste hol og sprekker me fann interessante. Og dei var det ein del av, gitt!


Ferie i Nordland.

Super ferie i Marte sitt rike, Inndyr, sør for Bodø. Fantastisk natur og kjekke folk! Var litt slapp med kamera, utruleg irriterande i ettertid, men her er i alle fall nokre glimt av turen.


Brekurs

21.-26. juni var eg, Marte, Gunhild og Erling på brekurs, instruktøren var herr Arne Moe. Her er nokre bileter frå turen opp på Steinmannen.


Brefest

Var så utruleg dum å ta med meg kamera på fest. Det verste eg veit på fest (eller dagen derpå), er at nokon stikk kamera opp i trynet mitt eller i situasjonar som berre bør gå i gløymeboka. Kameraet vart sjølvsagt vekke i løpet av kvelden og. Det er no kome til rette. Her er eit par bilete som burde gå an å vise fram.

Kanskje du skal fjerne barten, Trygve? Berre eit forslag.


Fonna og 17. mai

Elin, Marte og eg har lenge planlagt å gå Folgefonna på langs. Me fekk med oss to til, Lisa (systera til Marte) og Torunn (venninne av Marte). Skikkeleg jentetur, det var flott! Vermeldingane var strålande og me trykte vindbuksene og jakkene langt ned i sekken, medan bikinien var klar på og solkremen lett tilgjengeleg. Det vart fort omrokkeringar i både sekk og påkledning! Vinden reiv oss over ende x antal gonger og det var berre å gå på til me kom oss inn på Holmaskjerbu (det biletet av Elin og Marte med ein liten haug bak, ligg Holmaskjer). Der stoppa me ei lang stund og åt nista vår, drakk te for å få i oss varmen og anna nødvendig pleie. Siste etappen til Fonnabu på ca 5-6 km gjekk som ein vind, bokstaveleg tala! No fekk me vinden i rett retning, i ryggen. Eit par stavetak og me var framme! På Fonnabu kunne me lese i loggboka at det hadde det vore ein kjendis samme dag som oss! Neste dag blåste det minst like gale. Etter eit mildt sagt mislykka forsøk på å komme oss avgarde på siste etappen og rådslaging i hytta, vart det bestemt at me skulle vente på at vinden skulle løye litt og gå ned i Sundal i staden for Rosendal. For å komme til Sundal gjekk me ned Bondhusdalen på Keisarstien. Ein nyyydeleg dal og veg! Sjølv om me ikkje fekk gå den planlagde turen, var me godt nøgde! Ny tur er alt planlagt for neste vår. Då skal me gå opp frå Odda og ned i Rosendal.

Så var det heim og feire 17. mai!