Månadleg arkiv: januar 2011

Vèr

Det er ikkje ofte det er slik vind i Jostedalen som  det var i dag. Artig ei stund, men etter å ha tryna i ein usynleg skavl og blitt våt i ansiktet, var moroa over for min del. Og det var det visst for dei andre òg, heldigvis. Snudde på Vanndalsvatnet i dag.


Høgt der oppe

Hytta på Mannen er høgt der oppe på lista mi over favorittdestinasjonane på ski. For så vidt ganske fint til fots om sommaren òg. Etter at Bjørn Gj. var så grei å donere vekk mokkakanna si har verdien av hyttekosen stige endå meir.

Var noko skeptisk til føret på veg opp då det var ein del vindpakka snø og “kartongsnø”. Det var ingen grunn til slik bekymring. Me flaut oppå og kunne leike oss ned att. Så var det middags- og godishandel på bui.


Stølsliv

Den finaste plassen på jord for meg. Måtte ta med meg nokre fine jenter og vise denne fine plassen. Trur dei tykte det var ein fin plass òg.


Nansen

Denne søtingen var med på tur i dag. Takkar han for god drahjelp.


Pulverhelg

gjekk over til pulverveke. Hardt på lår og hoftebøygarar, men kva gjere vel det? Det er dette eg har venta på sidan våren -09. No skal det nytast!

Filmen er frå laurdag. Det var hektisk å få med alle på filmen!

http://player.vimeo.com/video/18634560


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.