Bestemte meg for å ta ut to veker ferie no på våren i staden for å spare ei veke til hausten. Då gjekk turen først til broderen og familien i Bodø og etter kvart vart turen forlenga eit stykke vidare til Lofoten og Elin. Ingen bileter frå skiturane i Bodø-traktene, alle turbileta er frå Lofoten. Eg, Marte og Kaja reiste altså då til Kabelvåg og besøkte Elin og Ole Roger. Trygve kom nokre dagar seinare. Camp Lofoten gjekk av stabelen samstundes som me kom, så Ole Roger flytta til Henningsvær i lag med andre kjente førarar for eventen. Veret var upåklageleg fram til helga og me fekk 3 flotte turar. Utsikten er verkeleg heilt eineståande!
På båten til Bodø att fekk me oppleve skikkelege bølger til min glede og til andres fortviling. Lena styrta på golvet berre ho kjente ei lita rukke på sjøen og Trygve fekk overlevert Kaja frå Marte ganske kjapt. Så dei sjøerfarne jøstedølene holdt stand.
Kaja er no 8 månader og sjarmerer tanta i senk.
- Medan me venta på opplett på Varden aktiviserte Marte seg sjølv.
- Marte på veg til Varden.
- Kåre i finfin snø på Blåtind.
- Kåre og Elin med Svolvær i bakgrunnen.
- Elin på veg til Rundtind.
- Elin på Rundtind
- På skitur med start i fjøra. Det er eksotisk for ein jostedøl.
- Vertane helsar farvel.
- Stolt tante.
- Stolt far.



























